mandag 5. oktober 2009

Til leiing og medlemane i FMI!

Den 4. oktober 2009 er det 22 år sidan Folkerørsla mot innvandring, FMI, vart skipa i Haugesund. På same tid hadde Raude krossen (Norges bokstaveleg tala røde Kors) landsmøte også i Haugesund. Dronning Sonja var der tilstades og vart vald til vervet som Visepresident i organisasjonen (Røde Kors). Ho vart spurd om sitt syn på at innvandringsmotstandarar hadde skipa sin organisasjon på same tid. Ho meinte dette var trist, men sa ho, de er jo ikke så mange. Odd Grann var generalsekretær i R.K., og vi minnest hans formulering i høve til masseinnvandringa som akkurat i dette året, 1987, verkeleg tok av. Hans ord var omlag slik: Det er et kompliment at så mange kommer og vil bo her hos oss, vi har plass, vi har råd og vi har hjerte og sinn til å ta i mot alle som vil komme hit. Sidan den gangen har Raude krossen sine tiggarar gått tomhendt frå mi dør. Og slik skal det også vere i framtida.

Gratulerer med dagen til dykk gode Nordmennene i FMI.

Helsing Norvald Aasen, Kvammen.

Ingen kommentarer: